Ragnhild ønsket å kombinere kreativitet og realfag, og valgte å satse på en arkitektutdanning. Nå blomstrer skapergleden i full harmoni med tall og vinkler - og Ragnhild stortrives!
Målet mitt i valg av utdanning var å finne eit felt der eg i størst mulig grad fekk bruke meg sjølv og evnene mine. Valget falt til slutt på denne utdanninga fordi eg her såg muligheten i å få kombinere mi interesse for det skapande og kreative med interessa for realfag. No viste det seg at studiet var mindre fokusert på matte og fysikk enn det eg trudde da eg søkte, men det er likevel element som en alltid har med i prosessen.
Utdanninga var tidkrevande og en må gi mykje av seg sjølv. Men eg hadde ikkje ein kjedelig dag på skulen!
Eg arbeider no på Norgeshus sitt hovedkontor. Dette er min første jobb og eg fekk den ved å ta kontakt med leiinga.
Eg trives godt med jobben av fleire grunnar: eg har kollegaer som er veldig hyggelige og morsomme, eg blei raskt gitt ansvar og eg får jobbe med forskjellige typer prosjekt- alt frå eneboliger til leilighets- og forretningsbygg.
Samarbeidsevner, kreativitet og nøyaktighet.
Eg var glad i realfaga på videregående - men det hadde mykje å seie kva lærer vi hadde. Eg elska kjemi i 2. klasse mens i 3. klasse mista eg motivasjonen pga. at det var vanskelig å få gode svar på spørsmåla eg hadde.
Det er mange jobber, egentlig. På videregående var eg glad i både historie, gym, samfunnsfag og realfag. Eg vurderte lenge å begynne på journalistikk, kunne tenke meg å blir lærer, studere friluftsliv, eller å gå i ei meir samfunnsvitenskaplig retning. Eg har 90 studiepoeng i Interkulturell Forståelse og vurderte ei stund å satse på å jobbe innanfor ein bistandsorganisasjon.
Eg veit at nesten uansett kva utdanning en tar så blir vegen til mens vi går. En er ikkje fullstendig låst - men kan finne nye retningar på vegen dersom en etterkvart føler at en har valgt litt feil.
En må faktisk tenke litt framover når en velger utdanning. Det kan ha ganske store konsekvensar for valgmuligheter seinere - kvar er det muligheter å få jobb med ei slik utdanning, korleis vil kvardagen bli prega av jobben? Bruk både hjerte og fornuft: Kva fag interesserer du deg mest for? Det er viktig å trives med det en jobber med, for en tilbringer mykje av kvardagen her! Eg brukte mest hjertet då eg gjorde valget men skulle gjerne hatt nokon til å prøve å sjå på fleire aspekt ved valget.
Eg er sosial - i heimen vår er det nesten alltid besøk, liker idrett og friluftsliv. Saman med venninner speler eg innebandy ein gong i veka. Eg kjem frå Sunnmøre og det er kanskje derfor eg har blitt så veldig glad i å gå på fjellturar. Ellers er eg glad i å reise, møte nye menneske og nye kulturar. Eg har studert i Ecuador og reist i Asia, Australia, New Zealand, Afrika og Sør- og nord-Amerika.
Eg har opplevd det som heilt greit å vere jente i utdanninga. Vi har vore ca. 50/50 % gutar og jenter. På kontoret er vi no 3 jenter og ein gut.
Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!