Yngve syntes at realfaga på vidaregåande var tunge, med lite informasjon rundt kva realfag faktisk kan brukast til. No har han spennande dagar som kjemiingeniør i oljebransjen, og er svært fornøgd med at utdanningsvalet ble som det ble.
Faktisk ganske tilfeldig. Var usikker på kva eg kunne og ville bli, men hadde tatt matte, kjemi og fysikk på vgs, så eg følte dei måtte nyttast til noko. Stod ei stund og vippa mellom å bli økonom eller ingeniør, men kom tilfeldigvis over Kjemiingeniørstudiet i Bergen og stortrivdes der i 3 år.
Klart det krevde litt. Det er jo ein del realfag i det så det må arbeidast ein del med det for at det skal gå godt. Men, det var og mykje morro. Etterkvart som ein blir meir kjent med faga og kva nytteområde dei har blir det heile mykje meir interessant. Då går det fra å være krevande til å bli meir morro.
Arbeider med ferdigstillelse av olje og gass-anlegg i Statoil. Per i dag jobbar eg med eit spanande prosjekt som gjer det mogleg å reise rundt i verda, samtidig som eg er med på å bygge noko og være med å starte det opp. Kjempespanande!
Det beste med den jobben eg har i dag er at eg får sjansen til å bli involvert på eit tidleg stadium av eit stort byggeprosjekt. Eg er med å planlegge og bestemme korleis anlegget skal testast og gjerast klar for operasjon. Samtidig gir det meg sjansen til å arbeide i utlandet - noko eg trur er ein veldig nyttig erfaring.
Det er viktig å være fokusert og ha litt auge for detaljar sidan du skal planlegge den beste måten å teste delar av eit større prosessanlegg på. Kan være litt krevande, men det gir mykje detaljkunnskap og forståelse. Samtidig må ein og være tilpasningsdyktig ettersom jobben krev ein del reising og kan variere fra periode til periode.
Eg veit at ungdom synest det høyrest tungt og vanskelig ut. Det tykte eg sjølv når eg stod der. Mange blir og kanskje skremt av eldre elevar, lærarar eller vaksne som har eit dårleg forhold til realfag. Mange trur nok og ein kun vil sitte med matematiske og fysiske formlar dagen lang, noko som ikkje er tilfelle.
Det var utruleg tungt. Eg sleit med å forstå nødvendigheiten av det og kor eg kunne bruke dette seinare. Skal være ærleg å seie at når eg var ferdig sa eg at eg aldri skulle studere realfag igjen. Men, sjå kor eg enda opp.... Eg synest det er eit stort problem at det blir fokusert for mykje på å lære formlar og metodar, men ikkje noko særleg om korleis dette kan nyttast i jobbsamanheng. Det ville ha vore utruleg inspirerande for meg ihvertfall om det vart brukt meir praktiske eksempel i faga.
Skulle eg prøvd noko heilt nytt kunne arkitekt vore morro. Men, innafor mitt fagfelt kunne det vore spanande å vore involvert i eit stort nytt prosjekt. Gjerne i utlandet.
Kor store moglegheiter ein eigentleg har! Samtidig og korleis realfag kan nyttast i praksis. Eg visste veldig lite om korleis arbeidslivet var for ein ingeniør eller eventuelt andre yrkesgrupper. Trur derfor at å få ein rollemodell på besøk kan gi verdifull informasjon til ungdom som er litt i villrede.
Velg noko som interesserer deg. Sjå kva muligheitar du har innafor ditt interesseområde. Ta gjerne ein snakk med foreldre eller rådgivere på skulen om muligheitane dine.
Eg er opprinneleg fra ei bygd som heiter Leikanger i Sogn og Fjordane, men flytta til Stavanger etter 3 år på Høgskulen i Bergen grunna jobb. Samtidig som eg starta i jobb, starta eg og med ein mastergrad på deltid ved UIS. Mest fordi eg følte eg ville ha meir kompetanse innan ledelse sidan dette og er noko som interesserer meg.
På fritida spelar eg håndball saman med STIL og trenar litt både med sykling og vekter samt noken runder med fotball. Er ein sosial person, så eg brukar mykje tid saman med vener. Likar å reise på turar både rundt i landet og i verden og om vinteren nyttar eg dei anledningane eg har til å ta fram telemarkskia og reise til fjells.
Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!