Linn Kristin Hauge

Linn Kristin
Hauge

Linn Kristin sitt tips er å kombinere realfag og språk når du skal velge utdanning. Gjør du det, kan hele verden bli din arbeidsplass.

Hvorfor valgte du denne utdanningen?

På vidaregåande hadde eg fordjuping i både realfag og bedriftsøkonomi. Eg likte begge fagområda godt og hadde lyst på ei utdanning og ein jobb der eg kunne sjå teknologi og økonomi i samanheng. Eg valte å ta bachelor ved HIA fordi det var stort fokus på fornybare og alternative energikjelder der. I løpet av bachelorstudiet studerte eg også eit halvt år i USA. Etter tre år på Sørlandet var eg klar for ei forandring, og då var Indøk-studiet ved NTNU eit naturleg val.

Synes du utdanningen var krevende/vanskelig?

Eg syns at fag som for eksempel "Elektriske anlegg og maskiner" var litt vanskeleg, eg hadde jo ikkje brukt så mykje tid på å opne opp maskiner og motorar frå før! Elles gjekk studiet på bachelornivå ganske greitt, eg tok blant anna matematiske metodar 2-3 ved sida av studiet for å kvalifisere til opptak på sivilingeniørstudiet etter bachelor. Det å bytte frå HiA til NTNU syns eg var ganske krevjande, eg merka at eg hadde litt anna bakgrunn enn resten av klassa. I tillegg måtte eg ta ekstrafag for å få godkjent utdanningsløpet, så det blei to arbeidsame og veldig lærerike år.

Fortell litt om jobben din!

Etter eit år som trainee i det regionale programmet Trainee Salten dukka stillinga som porteføljeforvaltar opp. Eg handterar innkjøp og sal i kraftmarknaden på vegne av industrikundar, produsentar og kommunar/fylkeskommunar som har kraftrettighetar. Eg omset også opprinnelsesgarantiar frå fornybar energi produsert av norske produsentar til interesserte kjøparar, desse er i stor grad i utlandet. Det er alltid eit mål å minimere kostnadane og maksimere inntektene på vegne av kundane, innanfor ein akseptabel risiko.

Hva er det beste med din jobb?

Jobben er veldig variert, etter å ha vore her i to år føler eg framleis at eg lærer noko nytt og utviklar meg vidare heile tida.

Hvilke egenskaper har du mest bruk for i jobben?

I kraftmarknaden og handelsmiljøet rundt meg er det stort sett noko som skjer heile tida, og tilgangen på marknadsinformasjon er enorm. Ein av dei mest nødvendige eigenskapene er å klare å sile ut viktig informasjon, og å sjå kva arbeidsoppgåver som bør prioriterast til einkvar tid. Ein god og klar kommunikasjon ut mot handelspartnarane våre, og å vere open for å gjere forandringar og forbetringar er også viktig for å vere konkurransedyktig.

Hva tror du er den største misforståelsen når det gjelder realfag og teknologisk utdanning?

Realfaglig og teknologisk utdanning vert kanskje sett på som noko litt  "nerdete" og sært som munnar ut i lute skuldrer og ein kjedeleg kontorjobb. Men desse utdanningsvegane opnar faktisk opp for massevis av interessante jobbar. Dette er jobbar der ein kan vere med på å utvikle samfunnet vidare - enten ved å lære i frå seg eller ved å komme opp med ny kunnskap, nye produkt etc. Ein kontorjobb kan også vere veldig sosialt. Eg jobbar i eit opent kontorlandskap, her er det både samarbeid, erfaringsutveksling og faglege diskusjonar.

Hvordan opplevde du realfagene i videregående?

Matten i tredje klasse krevde litt meir enn i andre klasse. Realfaga var ei lita kjelde til opp- og nedturar - ingenting var verre enn å sitte fast i eit uløyseleg matematisk problem, men når eg til slutt skjønte logikken bak så var det heller ingen fag som var morsommare!

Hvis du skulle hatt en annen jobb, hva kunne du tenkt deg?

Eg syns det verkar spennande å jobbe offshore. Viss eg skulle valt ei anna utdanning hadde eg nok gått siviløkonom.

Er det noe du vet i dag som du gjerne skulle ha visst da du var 16?

Eg hadde liten interesse for språk når eg gjekk på vidaregåande og såg ikkje behovet for å bruke tid på det. Då eg begynte å studere var plutseleg mange av bøkene på engelsk, og etterkvart også dei fleste forelesingane. På jobb handlar eg også ofte med utanlandske aktørar. Det å meistre engelsk på eit godt nivå er ein nødvendigheit både under studier og i mange yrker. Er ein god i andre framandspråk finst det mange spennande jobbmuligheiter både i utlandet og i Noreg.

Hvilket tips vil du gi til unge som skal velge utdanning?

Ta utdanning innanfor dei faga du er interessert i, men sjekk samtidig at utdanninga kan føre til ein jobb du har lyst på. Ikkje alle utdanningar gir muligheit for jobb alle plassar, ynskjer du å vere i ein lokal, nasjonal eller internasjonal arbeidsmarknad?

Fortell litt om deg selv og om dine interesser utenom jobben!

På fritida likar eg å vere ute, gjerne gå på tur i fjellet, vere på hyttetur, sykle eller berre sitte ute i sola og slappe av :-) Elles går eg ofte på gruppetreningar på Friskhuset og spelar squash av og til. Og så er eg veldig glad i å ete god mat i lag med gode vennar, enten heime eller ute på byen!

Hvordan har du opplevd å være jente i din jobb og utdanning?

Heilt supert! Eg er blitt godt motteken både gjennom utdanning og på jobb. Det er fleire og fleire jenter som tek teknologisk utdanning, og eg har aldri opplevd å føle meg "einsam" gjennom studiet. Om det til tider har vore mange/berre gutar i klasserommet så er ikkje det noko eg har tenkt spesielt over. På jobb er vi ei god blanding med både damer og menn. Blant mine nærmaste kollegaer er dei fleste menn, og eg trivst veldig godt i lag med dei.



Mer om Salten Kraftsamband AS
Fødselsår: 1983

Yrkestittel: Porteføljeforvaltar
Arbeidsgiver: Salten Kraftsamband AS
Sted: Nordland

Utdanning:
  • Master i Industriell Økonomi og Teknologiledelse - NTNU
  • Bachelor i Energi og Økonomi - Høgskolen i Agder
  • Delstudier - Midwestern State University, Texas


Denne rollemodellen er for tiden
ikke tilgjengelig for bestilling.

Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!