JonArildJorgensen_kvadratisk
 

Jon Arild Jørgensen

Jon Arild
Jørgensen

Jon Arild ler hver dag på jobben. Heldigvis ler han ikke av elevene, men med dem!

Hvorfor valgte du denne utdanningen?

Sidan eg er begeistra for realfag, og føler at det er både utfordrande og inspirerande å hjelpa elevar til å forstå faget.

Synes du utdanningen var krevende/vanskelig?

Ikkje alle delar av utdanninga var like krevande. Men det er ikkje moro før ein møter litt motstand! Dersom alt hadde vore enkelt, hadde eg nok valgt noko anna...

Fortell litt om jobben din og hvordan du fikk den

Som nyutdanna realfagslærar er ein attraktiv på arbeidsmarkedet. Eg hadde difor tilbud om jobb allereie før utdanninga var fullført! Mange trur at det er einsformig å vera lærar, men kvar dag møter eg motiverte/trivelege/trøtte/nysgjerrige/nedfor/sprudlande elevar, som saman med varierte arbeidsoppgåver (ikkje berre undervisning) gjer arbeidsdagane spennande.

Hva er det beste med din jobb?

Både læraryrket og matematikkfaget er noko ein aldri vert utlærd i. Det er alltid nye utfordringar. Dessutan er eg heldig, og får møta mange trivelege elevar kvar dag.

Hvilke egenskaper har du mest bruk for i jobben?

Ein må sjølvsagt vera strukturert, fagleg oppdatert og glad i faget. Men noko av det viktigaste er at ein er tålmodig, og møter kvar enkelt elev med respekt, også på dagar der ein sjølv ikkje er heilt på topp.

Hva tror du er den største misforståelsen når det gjelder realfag og teknologisk utdanning?

At realfag kun er for ernormt smarte nerdar som ikkje har andre interesser. Eit og anna geni dukker opp med ujamne mellomrom (heldigvis!), men realistar er like forskjellige som alle andre.

Hvordan opplevde du realfagene i videregående?

Eg har alltid likt realfaga, men var nok ikkje den som jobba mest med å forstå formlane me brukte. Det fekk eg svi for på høgare utdanning... Men til gjengjeld er gleda over å faktisk forstå faget uendeleg mykje større når ein verkeleg har jobba hardt for det!

Hvis du skulle hatt en annen jobb, hva kunne du tenkt deg?

Dersom eg ikkje skulle ha vore lærar må eg seie ingeniør. Det må vera artig å vera ein del av store prosjekt som Ormen Lange, eller flotte bygg som Operahuset.

Er det noe du vet i dag som du gjerne skulle ha visst da du var 16?

Noko av det mest positive med å vera ung, er at ein gjer eigne erfaringar. Dersom eg må seie noko så kanskje ei av lottorekkene som gjekk inn det året eg fylte 17...

Hvilket tips vil du gi til unge som skal velge utdanning?

Realfag vert aldri feil! Det åpner enormt mange dører seinare i livet.

Fortell litt om deg selv og om dine interesser utenom jobben!

Eg er så heldig at eg bur i den beste byen i det finaste fylket i Noreg. Her er det kort avstand til både fjell og sjø. Dette utnytter eg så godt eg kan, både sommar og vinter. Fotball er også ein lidenskap. Saman med familie og gode vener vert alt sjølvsagt endå betre!



Mer om Molde VGS
Bestill
Fødselsår: 1976

Fagfelt: Matematikk

Bransje: Utdanning og forskning
Yrkestittel: Realfagslærer
Stillingstype: Ansatt

Arbeidsgiver: Molde VGS
Sted: Møre- og Romsdal

Utdanning:
  • Hovedfag i matematikkdidakikk -


Du må logge inn for å gjøre endringer i profilen din. Dette kan gjøres øverst til høyre. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!