Hans synes realfag er gøy og kreativt, og stortrives i jobben som elkraft-ingeniør. Når han skal drømme seg bort, så drømmer han om en stor, fin og ny seilbåt.
Gode evner for realfag. Fascinert av elektrisitet og energi.
Ja. Det er ingen dans på roser å ta ein ingeniørutdanning eller sivilingeniør-utdanning. Mange gonger følte eg at alt var teoretisk, vanskelig og unødvendig. Det var vanskeleg å sjå nødvendigheita og det praktiske formålet med det eg heldt på med. Men ta det med ro! Det vil svare seg til slutt. Det er faktisk meir gøy enn vanskeleg å studere.
Søkte på traineestilling i BKK den siste vinteren på Høgskolen i Bergen. Følte at det kunne vere ein fin overgang mellom skule og arbeidsliv sidan eg ikkje var heilt sikker på kva ein ingeniør gjorde på jobben. Fikk stillingen, og jobba da ved fleire forskjellige avdelingar i BKK dei to første åra. Dermed fikk eg prøvd ut forskjellige arbeidsoppgåver, og fekk ein god heilhetsforståelse for korleis eit kraftselskap fungerer. Då traineeperioden var over, var det ein ledig stilling som avdelingsingeniør hos prosjektavdelingen til BKK Nett. Denne dyktige gjengen jobbar med bygging av el-kraft anlegg, 45-420kV, både for BKK Nett, og andre aktørar på marknaden. For eksempel driv me med: prosjektleiing, prising, prosjektering, innkjøp, møter, synfaring, teikning, kalkulering, testing, dokumentasjon osv.
Strukturert, teknisk løysningorientert, omgjengelig.
Mange har ei oppfatning om at realfag er døllt og kjedeleg, og at det berre handlar om teoretiske og abstrakte problem. Sanninga er at realfag er gøy og kreativt, og eit viktig verktøy for å forstå verden. Det er ingeniørane som hjelper menneskeheita å komme vidare.
Eg var privilegert og hadde veldig flinke og motiverande realfaglærarar på vidaregåande. Dette førte til begeistring for og meistring av disse faga.
Viss ikkje eg skulle blitt el-kraft ingeniør, ville eg blitt lyd-teknikkar.
Teori og praksis går nødvendigvis ikkje hand i hand. I alle tilfeller speler unntak og menneskelige faktorar inn slik at arbeidsdagane aldri blir like eller forutsigbare.
Vel noko du trur du vil interessere deg for. Ta fag som gir deg mange muligheiter, ikkje vel minste motstands veg og fag som avgrensar muligheitene dine.
Hovudinteressene mine er å henge med venner, lage og ete god mat, gå på konsertar, reise på ferieturar med kjærasten min, jobbe som lyd-teknikkar og drøyme om ny seglbåt.
Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!