Øystein ble inspirert av sin fysikklærer da han gikk på videregående, og jobber nå som geofysiker. Et yrke han syns er både spennende og utfordrende. På spørsmål om hvilket annet yrke Øystein kunne ha tenkt seg - svarer han: realfagslærer!
Eg har alltid vore interessert i realfag, så eg var fast bestemt på å studere ved NTNU. Det var nok nysgjerrigheten om robotar og programmering som til slutt gjorde at eg valgte studieretninga "teknisk kybernetikk".
Eg hugsar den første matteforelesninga som et lite sjokk. Her var det tydelig at man måtte jobbe for å henge med. Men etter kvart som eg lærte meg en god studieteknikk var det ikkje særlig vanskelig å skjønne faga og prestere på eksamen. Det eg syntes var den beste positive overgangen fra videregående var at (nesten) alle faga mine var interessante, og eg kunne fokusere på dei tinga eg sjølv syntes var spennande.
Eg jobbar som geofysiker, og det var et ganske stort sprang fra masteroppgava eg nettop hadde fullført der eg hadde bygd og programmert en robot. Den gav meg mange nye utfordringar og spennande problemstillingar å jobbe med. En ting eg synest er spesielt spennande er å få vere en del av store prosjekt der vi prøver å finne ressurser til verdi av mange milliarder kroner.
Før eg blei ansatt i fast stilling, hadde eg hatt sommarjobb hos Statoil året før. Eg var frampå og leverte CV og karakterutskrift under en bedriftspresentasjon Statoil hadde ved NTNU. Etter en del mailkorrespondanse blei eg invitert på intervju og fikk sommarjobben. Året etter brukte eg dei kontaktane eg hadde frå før til å sende en søknad for fast stilling. Dette er en veldig bra måte å få kontakt med bedrifter på, og å finne ut om det er en plass du kunne tenke deg å jobbe. Eg endte opp med å søke på en annen avdeling innad i Statoil for fast ansettelse fordi eg under sommarjobben fant ut at den avdelinga ville passe meg bedre.
Evnen til å lære og ta til meg ny kunnskap. Det er feil å tru at ein er ferdig utdanna når ein er ferdig på universitetet. Det kjem stadig nye utfordringar der ein må sette seg inn i nye problemstillingar og lære nye ting.
At ein aldri får bruk for realfaga som ein tar på ungdomsskulen og vidaregåande. Dette er kunnskap som ein får bruk for i stor grad i dagliglivet, og ein kan bruke verktøy og teknikkar frå desse faga til å lære mange andre fagfelt.
Matematikk og fysikk har alltid vore fag eg har interessert meg for. På vidaregåande hadde vi i tillegg en lærar i fysikk som klarte å engasjere studentane og gjere faget endå meir spennande.
Eg kunne tenkt meg å jobbe som realfagslærar. Litt av grunnen er den positive opplevelsen eg hadde sjølv ved å ha en engasjert lærar som klarte å presentere fysikkens verden på en veldig spennande måte. Det er dessverre altfor få av disse i skulesystemet.
At det fins så mange valg av studieretningar, spesialiseringar og jobbmulighetar. Du kan nesten få muligheten til å jobbe med akkurat det du vil, dersom du berre tar sjansen og satsar på det du likar og er god til.
Eg skulle også ønske at eg hadde jobba meir med språk på ungdomsskulen/vidaregåande. I jobben min brukar eg engelsk meir enn norsk, og eg merkar at eg har et meir begrensa ordforråd en det eg gjerne skulle hatt.
Velg dei faga og utdanningsretningane som du er interressert i! I Norge er alle mulighetar åpne, og du kan bli det du vil.
På fritida likar eg å gå på topptur (telemark) om vinteren og segle regattasegling om sommaren. Her i Harstad er det veldig gode mulighetar for å drive dei fleste former for friluftsliv. Når eg ikkje er ute likar eg å programmere, og kan fortsatt finne på å dra fram legoen og bygge en robot som eg programmerar til å gjere ulike ting.
Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!