Det var eigentleg tilfeldig. Opphavleg hadde eg tenkt meg ein militært karriere eller eit hovudfag i historie. Me då eg fekk sommarjobb hjå eit større entreprenørfirma, gav det lyst til å gå vidare innanfor bygg og anlegg.
Ja, det var den! Både forkurs med alle realfag på eit år og dei 5 åra på NTH var tøffe. Men det som er bra er at det vert meir praktisk jo lenger opp i utdanninga du kjem, og dermed lettare å motivere seg. Men spesielt 1. år på NTH er beinhardt.
Vassdragsteknisk Ansvarleg (VTA) er ei lovpålagt stilling innanfor damsikkerheitsarbeid. Det vil seie at alle som eig dammar i Norge må ha tilsett eller leig inn ein VTA. For å verte VTA må du være offentleg godkjent av NVE. Arbeida går i korte trekk ut på å sjå til at dammane som min arbeidgivar eig er trygge på alle måtar.
I tillegg har eg prosjektleiar-funksjon (planlegging, økonomi, kontrahering, bygging) for større arbeid i tilknyting til bygg og anlegg. Det meste av dette relatert til jobben som VTA, dvs. vassdragsrelaterte konstruksjonar (dammar, vasstunnelar, røyr, kraftstasjonar, luker, osb).
Sunn fornuft og erkjenning av kva ein faktisk IKKJE kan, men må få hjelp til. Variert teoretisk og praktisk erfaring som gjev grunnlag til problemforståing er også viktig. Dersom ein ikkje forstår kva som er problemet, kan ein heller ikkje løyse det.
At alle endar ut med jobbar på kontor. Veldig lite forståelse for den praktiske implementeringa av teoretisk kunnskap.
Eg hadde ikkje realfag på vidaregåande! Tok samfunnsfag og måtte ta forkurs for ingeniørskule etter fyrstegongsteneste. Det var eit tøft år med alle realfaga på ein gong. Veldig teoretisk og lite knytt til praktisk bruk.
Militært eller lærar i historie.
At kjedeleg teori faktisk har ein praktisk anvendelse. Dessutan at generell teoretisk kunnskap kan vere grunnlag til å forstå spesifikke praktiske problemstillingar.
Velg noko som held mange alternativ opne. Ikkje tru at det du har lyst til i dag er det du har lyst til om 10, 5 eller berre 2 år!
Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!