Stig elsker å spille volleyball, og har blitt både Norgesmester og spilt i Europacupen for Førde IL. På jobb er det telekommunikasjon og produktutvikling som får blodet til å bruse.
Valgte det fordi eg var interessert i data. Etterkvart vart det meir og meir interesse for Telekom, så valgte å spesialisere meg innen det dei siste to åra.
Ja, utdanninga krevde ein viss disiplin for å komme igjennom.
Jobben fikk eg ved at Enivest henvende seg til meg og lurte på om eg hadde lyst på jobb. Eg hadde søkt om sommarjobb i Enivest tidligare utan å få det, men dei kjente til meg utifrå den søknaden. Jobben min i dag er Produktansvarlig. Eg starta på kundesenter og leveranse og var der i to år før eg blei med i produktavdelinga. Jobbar og med tekniske ting og er med i vakt-gruppa.
Kunnskapar rundt systemutvikling har vore veldig nyttig. Også data og telekom-kunnskapar har vore veldig nyttig. Dette for å vite korleis ting fungerar.
Trur det er mange som sliter med realfag fordi dei "trur" det er så vanskelig og kjedelig. Realfag blir vanskelig dersom ein ikkje har interessen for det.
Både og. Det var vanskeleg å sjå korleis ein skulle få bruk for det ein lærte. Og eg ser i dag at det er berre ein brøkdel av det vi lærte i realfaga som eg brukar i jobben i dag.
Eg er interessert i store biler, så eg kunne tenkt meg å vere lastebilsjåfør. Har hatt dette som sommarjobb i 4 somrar, og trivdes godt med det.
Eg veit at det ikkje er nødvendig å ta all utdanning med ein gong. Eg angrar i dag på at eg ikkje tok eit friår for å kunne reise.
Velg utdanning etter interesse, men velg noko som du trur det kan vere bruk for i framtida.
Eg har spilt aktivt volleyball i over 20 år. Siste 8 åra har eg spilt på elitelaget til Førde og her blitt Norgesmester og seriemester og spilt i Europacupen. Av andre interesser så er det skikjøring om vinteren og fjellturar om sommaren. Bur i Førde sentrum. Har og ei hytte ved sjøen som blir brukt om sommaren til fisking, bading osv.
Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!