Eg har alltid interessert meg for energi og miljøutfordringane som verda står ovanfor. Eg var dog veldig usikker på om eg skulle velga ei teknologisk eller samfunnsvitskapeleg utdanning. Interesse for realfag i kombinasjon med sikrare utsikter for arbeid i framtida, gjorde at eg valgte ei teknologisk utdanning.
Eg trur at den generelle oppfatninga for sivilingeniørstudiet er at dei to fyrste åra er dei mest krevjande. Etter kvart i studiet lærar ein seg studieteknikkar. Ein får òg moglegheit til å velja fagsamansettingar i større grad utover i studiet. Ved å studera det som interesserer ein, kan vanskelege fag gå som ein draum. For mitt vedkomande var det òg viktig å ha studievenar som ein kunne samarbeida med.
Då sambuaren min og eg avgjorde at me skulle flytta til Innlandet byrja eg å oppsøkja relevante arbeidsplassar i distriktet. På internett kom eg over ordninga Trainee Innlandet som viste seg å virka veldig interessesant for midt vedkomande. Eg søkte på dette og fekk positiv tilbakemelding. Arbeidet går ut på å koordinera ulike prosjekt innanfor fjernvarmeutbygging i Innlandet. Eg likar den store variasjonen dette medfører. Eg får kombinert fagkunnskap med det å omgåast mykje ulike menneske.

Eg trur at den "gamle oppfatninga" av realistar som tørre og keisame eigentleg ikkje eksiserar så mykje lengre
Eg tykte dette var interessant og litt utfordrande. Eg var mest interessert i fysikk og matematikk og valgte difor bort kjemibiten. Då eg byrja på NTNU merka eg at eg gjerne skulle hatt med meg den kjemiske ballasten i tillegg.
Lege
At det ein lærer på skule/universitet kan nyttast i praksis i arbeidslivet. Då eg var 16 var det viktigare for meg å få ein god karakter enn å faktisk skjønna faga. I arbeidslivet er det ikkje karakterane som gjeld, men evna til å setta kunnskapen ut i live.
Følg til ein viss grad interessa di. Men det er òg vikitg å utdanna seg til noko som samfunnet har bruk for. Alle kan ikkje verta filmstjerner og designerar. Ved å velgja realfag får ein fleire bein å stå på og store valmoglegheitar.
Eg står mykje på ski, både nedover og bortover. Om sommaren er eg mykje ute i skogen og på fjellet. Eg er sosial og likar å omgå familie og vennar. Eg bur på Lillehammer og har då kort veg ut i naturen. Eg kan òg slappa godt av på sofaen med å sjå sport, film , nyhende eller andre ting på TV :)
Logg inn for å gjøre endringer i profilen din. Send oss en e-post hvis du mangler brukernavn og passord så ordner vi det for deg!