Borgar Aamaas

Forsker 2/Senior Researcher - CICERO Senter for klimaforskning

Liker

Utendørs, Langtur, Topptur, Ettertenksom, Forskning

Jobb

Eg er så heldig å jobbe som klimaforskar. I doktorgraden min såg eg på korleis ulike utslepp av klimagassar og partiklar fører til ulike klimapåverknader. Transport er eit viktig tema, til dømes kva klimapåverknaden er av nordmenns reisevaner. Eg var bidragsytar til den femte hovudrapporten frå FNs klimapanel. Ein del av jobben min går ut på å kommunisere, dvs. skrive populærvitskaplege tekstar, vere ute i media og ikkje minst ha foredrag for skuleklasser og andre interesserte.

Utdanning

Eg tok fordjupning i matte, fysikk og kjemi på vidaregåande. Deretter starta eg med ein bachelor i Fysikk, astronomi og meteorologi med spesialisering i meteorologi og oseanografi ved UiO. Masteren min var i geofag, spesialisering i meteorologi og oseanografi, ved UiO. Halvparten av studietida mi var eg på Universitetssentret på Svalbard (UNIS), der eg skreiv masteroppgåva mi og tok mange kurs i ulike realfagsdisiplinar. Masteroppgåva var om sot på snø på Svalbard og inkluderte mykje feltarbeid. Doktorgraden er òg i meteorologi og tatt ved UiO.

Om meg

Sidan 2010 har eg jobba på CICERO Senter for klimaforskning. Allereie som liten var eg svært interessert i vêr og snø, noko som var avgjerande for at eg endte opp med meteorologistudiar og til slutt som klimaforskar.