Dagfinn Bentås

Vassdragsteklnisk Ansvarlig - Østfold Energi AS

Liker

Utendørs, Langtur, Topptur, Bokorm, Digital, Casual, Geologi

Jobb

Vassdragsteknisk Ansvarleg (VTA) er ei lovpålagt stilling innanfor damsikkerheitsarbeid. Det vil seie at alle som eig dammar i Norge må ha tilsett eller leig inn ein VTA. For å verte VTA må du være offentleg godkjent av NVE. Arbeida går i korte trekk ut på å sjå til at dammane som min arbeidgivar eig er trygge på alle måtar. I tillegg har eg prosjektleiar-funksjon (planlegging, økonomi, kontrahering, bygging) for større arbeid i tilknyting til bygg og anlegg. Det meste av dette relatert til jobben som VTA, dvs. vassdragsrelaterte konstruksjonar (dammar, vasstunnelar, røyr, kraftstasjonar, luker, osb)

Utdanning

Det var eigentleg tilfeldig. Opphavleg hadde eg tenkt meg ein militært karriere eller eit hovudfag i historie. Me då eg fekk sommarjobb hjå eit større entreprenørfirma, gav det lyst til å gå vidare innanfor bygg og anlegg. Både forkurs med alle realfag på eit år og dei 5 åra på NTH var tøffe. Men det som er bra er at det vert meir praktisk jo lenger opp i utdanninga du kjem, og dermed lettare å motivere seg. Men spesielt 1. år på NTH er beinhardt.

Om meg

Håplaust pedantisk tulling. Opptatt av integritet og ansvarsbevisstheit.