Gøril Aasen Slinde

Prosjektingeniør - Norges Geotekniske Institutt

Liker

Treningssenter, Utendørs, Våt i håret, Vind i håret, Sydentur, Bokorm, Quiz, Musikk på øret, Brettspill, Synger, Spiller, Katt, Casual, Traktekaffe, Te, PC, Teamarbeider

Jobb

Jobbar som miljørådgivar på NGI. Her er eg mykje ute i feltarbeid og tek prøvar av jord, sediment eller vatn. Desse sender eg inn til analyse, og tolkar resultata når dei kjem attende frå laboratoriet. Eg summerer opp det eg finn i rapportar.

Utdanning

Eg likte veldig godt realfag då eg gjekk på vidaregåande, og etter at eg hadde gått på folkehøgskule i eit år var eg veldig klar for å læra meir. Kjemi var det faget eg syntes var kjekkast på vidaregåande, og det vart også det eg valgte i vidare studiar. Eg vart overraska over at realfaga var så praktiske på universitetet, og følte at dette ga ein god forståing for det teoretiske i praksis (i alle fall etter kvart). Overgangen frå vidaregåande var stor, med mykje meir ansvar for eigen læring. Men med så mykje obligatoriske aktivitetar som realfaga på mitt universitet inneholdt, blir ein tvinga til å jobba jamt.

Om meg

Utanom jobb er eg aktiv i Tekna gjennom både Yngres Forum og avdelingsstyre i Oslo og Akershus. Eg spelar piano og trompet, og prøver å få inn litt øving innimellom.