Guro Møen Tveit

Master of science - SINTEF Ocean

Liker

Treningssenter, Utendørs, Våt i håret, Backpacker, Sydentur, Bokorm, Musikk på øret, Synger, Hund, Casual, Sporty, Espresso, Fargerik, Mac, Teamarbeider, Forskning, Biologi, Mote, Sko, Fargeblyanter, Interiør

Jobb

Eg jobbar med forsking hjå SINTEF Ocean. Svært mykje av arbeidet eg gjer omhandlar kvalitet på fisk. Eg vert for eksempel med ulike fiskefartøy ut på havet for å vurdera kva ulike fangstreiskapar og eventuell anna teknologi har å seia for kvaliteten på fangsten. Eg er heldig som har ein svært allsidig arbeidsdag, der eg kan sitta på datamaskina og arbeide med resultat og statistikk frå ulike eksperiment ei veka, verda på sjøen ei veka og stå i laboratoriet for å analysera prøver ei anna.

Utdanning

Då eg valde å søka på bioteknologi studiet ved NTNU så hadde eg inga peiling på kva det omhandla. Eigentleg ville eg verta lege, arkitekt, tannlege eller kiropraktor (så ganske sprikande interesser der med andre ord). Men, eg enda opp med å fullføra løpet på 5 år sjølv om det betydde at eg måtte gjennom fag som IT og termodynamikk, som ikkje kan seiast å vera mi sterke sida. Det bør også nemnast at før eg starta på studiet var eg redd for at kjemifaga skulle verta ei utfordring, ettersom eg ikkje hadde hatt ei så god erfaring med dette faget på vidaregåande. På dette punktet motbeviste eg meg sjølv raskt, og i løpet av mine 5 år på NTNU enda eg opp med å ta over 6 kjemifag, samt spesialisert med innanfor ei retning kalla "biokjemi og biopolymerkjemi".

Om meg

Når arbeidsdagen er over er det fort for at eg slå på Spotify på mobilen og tek på høyretelefonane mine før eg hoppar på bussen heimover til Vestlia. Andre dagar, når eg har litt meir tid og energi kan eg godt ta turen innom 3T for litt trening. Elles må eg innrømma at tida går fort i lenestolen med ei god bok, eller i sofaen med TV-seriar som Skam, Big Bang theory, pretty little liars eller outlander for å nemne nokre. Eg er mildt sagt ein serie junkie. Eg er også veldig glad i å reisa, og har akkurat kome heim frå ein månad i India, så no er eg godt i gang med å planlegge neste tur, som ser ut til å gå til Korea.