Helga Hellesø

dagleg leiar - Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Liker

Utendørs, Katt, Dans

Jobb

Som dagleg leiar i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har eg ansvar for den daglege drifta av ein organsisjon. Me er 15 tilsette, som eg har personalansvar for. Desse skal ha spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, og det er viktig at dei har ein arbeidsplass som dei synest er attraktiv og interessant. I tillegg har eg økonomisk ansvar. Då set eg opp budsjett, og følgjer opp rekneskapet gjennom året. Som dagleg leiar har eg eit styre å forhalda meg til, og førebur saker for dei. Arbeidsdagen er variert, og stadig nye utfordringar.

Utdanning

Utdanninga mi har gitt meg mulighet til å velja blant mange og varierte arbeidsplassar, noko eg har sett pris på. Eg valte denne utdanninga fordi eg hadde lyst å ha eit arbeid som var viktig for andre, der eg kunne vera i nær kontakt med primærnæringa. Eg kunne sikkert ha valt andre utdanningsløp, men synest denne utdanninga har gitt mange muligheter i løpet av åra.

Om meg

Arbeidet tar ganske mykje tid, men eg likar friluftsliv, og å halda meg i fysisk aktivitet.