Ingeborg Kleivane Krøgli

Hydrolog - Bane NOR

Liker

Utendørs, Musikk på øret, Synger, Spiller, Traktekaffe, Geologi

Jobb

Eg er hydrolog hos Bane NOR, og jobbar med vatn og flom og jernbane. Jernbanen krysser mange vassvegar, både store elver og små bekker. Så når ny jernbane skal byggast må vatn føres trygt under banen, og da må ein vite kor store rør som skal leggast. For å gjere ei slik vurdering trengs blant anna flomberekningar. Sikkerhet og oppetid er viktig for jernbanen, og flom og vatn kan utfordre begge deler. I jobben som hydrolog for Bane NOR liker eg å tenke at eg jobbar med klimatilpasning i praksis. Vi må halde oss oppdaterte på metoder og best praksis for flomberegninger og klimaframskrivningar, og vurdere om regelverket vårt er godt nok slik det er eller om det trengst tilpasningar. I Bane NOR er eg ikkje berre skrivebordshydrolog, sjølv om det er mest jobb ved PC’n. Innimellom må vi ut, anten for å befare strekningar vi utfører flomfarekartlegger av. Vi reiser også ut i samband med flom eller skader i eller langs spor som følge av vatn. Vi kan bli bedt om å vurdere om det er trygt å kjøre tog, eller om banen bør stenges – eller om det er greitt å åpne. I slike tilfelle er vi alltid to fagfolk til å gjere vurderinga; anten to hydrologar eller for eksempel geotekniker. Å jobbe som hydrolog hos Bane NOR er ein fantastisk flott måte å kombinere interessen for natur og ein meir miljøvennleg kvardag!

Utdanning

Eg var veldig i tvil kva utdanning eg skulle begynne på, men eg var sikker på at realfag var tingen. Hadde eit år på folkehøgskule med musikklinje etter vidaregåande, for å gjere noko anna etter pliktløpet i skulegangen. Der bestemte eg meg for å søke på UiO og Naturgeografi på Institutt for Geofag - eine og aleine fordi eg lika best geografi på vidaregåande. På Blindern var det rett på matte og ex.phil. Det var ein tung start etter eit år folkehøgskule... Hydrologi hadde eg ikkje høyrt om før det kom som eit tema i ei naturgeografiforelesning. Det var eit lite eureka: Såklart går det an å studere vatn! Kvifor hadde eg ikkje tenkt på det før? Vatn har alltid fascinert meg, vær og vind også. Eg er oppvaksen i ei bygd i Telemark og har alltid bada i elva og gått på ski - tett kontakt med hydrologien! Undervegs i studiet las eg også ressursgeografi. Masteroppgåva var innan naturgeografi. Den sosiale fordelen med å studere naturgeografi var alle ekskursjonane: Lett å bli kjent med studiekameratar når er på feltarbeid og befaringar saman.

Om meg

Eg er glad i å vere ute i naturen. Er veldig glad i fjell og går gjerne på ski eller til fots, og er det ein topp å nå er det ein superbonus. Er gift og har to små barn. Har spilt i storband, band og korps, men nå for tida blir det bare musikk til "husbruk". Er veldig gjerne med på sosiale ting med kollegaer, for det er ein flott gjeng og det er fint å kunne le i lag med dei du jobbar med!