June Hosøy Andersen

System Engineer (SE kandidat) - GKN Aerospace Norway

Liker

Bokorm, Digital, Quiz, Musikk på øret, Brettspill, Katt, Traktekaffe, Te, Fastfood, PC, Ettertenksom, Forskning, Astronomi, Superhelt

Jobb

På jobb holder eg på med litt forskjellig. Blant anna er eg involvert i forskjellig forbedringsarbeid i produksjonen. Mykje av dette handlar om økt automatisering og lean produksjonsprinsipper. I tillegg driv eg mykje med data-analyse. For øyeblikket er eg ein excel- og powerpoint ingeniør, men ein del av arbeidet mitt er å utvikla bedre system til å samle og analysere data slik at det kan brukas til å forbedre produksjonen.

Utdanning

Då eg var ganske lita var eg fast bestemd på å verta jagarflypilot. Då eg var gamal nok til å vera på sesjon vart eg fortald at eg aldri kom til å verta det. Ok, tenkte eg. Kan eg ikkje fly dei skal eg byggja dei. På vidaregåande anbefalte fysikklæraren min European Spacecamp. Sommaren 2008 tilbrakte eg ei spanande veka på Andøya medan eg fekk læra "alt" og rakettar. Eg hadde funnet ei ny kjærleik. Men mot slutten av vidaregåande var eg lei. Eg hadde mista driven min, og bestemde meg for å ta eit "friår". Eg reiste til Florida i USA og jobba på ein restaurant i Walt Disney World. Det var kjempespanande, men etter nesten eit år som servitør var det heilt klart for meg at eg skulle verta ingeniør. Turen gjekk tilbake over havet, denne gongen til London i England. Der kom eg inn på eit Bachelorstudie i Luft- og Romfartsteknologi. Eg slapp å velja mellom fly og rakettar, heilt endå! Studiet var kjempespanande. Eg var svært glad i matematikk-og fysikkfag, slik som utskytningsbaner og korleis luften oppfører seg rundt vingene på eit fly i fart. Kjemibaserte fag som handla om komposittar og materialval fann eg mykje meir utfordrande og difor kjedelige. Likevel var bacheloroppgåven min full av kjemi. Korleis skal ein få ein hybridrakett til å fungera og kor tjukke veggar treng testkammeret for å få det godkjent på ein universitet? Det var utfordrande men veldig interessant. Men som vidaregåande nærma bachelorgraden min seg slutten og eg var usikker på kva eg ville vidare. Mastergrad eller arbeid? I Noreg fann eg den perfekte kombinasjonen: Mastergrad OG arbeid. Ikkje nok med det, eg fekk jobba med produksjon av flymotordelar. Så no har eg nett fullført ein Mastergrad ved Høgskulen i Sørøst-Norge, og startar i fulltidsjobb arbeid som ein sivilingeniør.

Om meg

Utanom jobb og skule var eg ein av prosjektledarane for Kongsberg Systems Engineering Event (2014 og 2015). Det hender at eg later som eg ikkje har fryktelig dårlig kondis og prøver meg på ein joggetur. Kvar gong eg gjør dette eg er glad for at sporten eg egentlig holder på meg, bueskyting, består av mykje stilleståing og venting. I tillegg til å vera utøvar sjølv er eg utdanna trenar innen bueskyting. Ellers reiser eg mykje. Ein av dei store fordelane med å bu i Noreg att er at eg kan besøka familien min (litt nord for Bergen) rimelig ofte. Å sitte på toget med ei god fantasy bok er noko eg gjer rimelig ofte.