Kristin Guldbrandsen Frøysa

Direktør for NORCOWE - Christian Michelsen Research

Liker

Langtur, Bokorm, Quiz, Brettspill, Te, Teamarbeider, Ettertenksom, Sjefete, Forskning, Barn

Jobb

Eg leiar eit forskingssenter innan havvindenergi (offshore vind). I senteret arbeider forskarar og ingeniørar frå industrien saman om å finna billigare og betre løysingar for vindkraft til havs. Vi brukar teknologi og kunnskap frå mange fagfelt. Vi brukar blant anna kunnskap frå olje-og gassindurstrien som vi vidareutviklar og tilpassar vår bransje. Jobben min går ut på følgja opp den daglege drifta av senteret, presentera senteret på konferanser og messer og delta i utviklinga og det strategiske arbeidet saman med styret og dei faglege leiarane i senteret.

Utdanning

Utdanna anvend matematikar frå Universistetet i Bergen. Eg likte matte i grunnskulen og vidaregåande skule, og valde å gå vidare med det på universitetet. Etter kvart oppdaga eg at faget opna opp for mange spennande jobbar og at det var ganske greitt å få jobb. Matematikk og matematiske formlar er kunnskap i kompakt form! Matematikk er eit reiskapsfag som kan brukast i mange samanhengar og som alltid vil vera etterspurt. Anvend matematikk er praktisk orientert, slik at vi brukar matematiske modellar på fysiske porblemstillingar. Faget er mindre arbeidskrevjande enn lab-fag som biologi og kjemi.

Om meg

Eg er gift og har tre barn (fødd 91,96 og 99). Eg har i mange år vore oppteken av å auka rekrutteringa av jenter til matematikk og fysikk, blant anna ved å visa alle dei spennande jobbane som finst for folk med denne utdanning. Liker å reisa, og har fått besøkt USA, Mexico, Japan, Kina og mange europeiske land gjennom jobben.