Lars Haugen Aardal

Teacher of Science - International School of Bergen

Liker

Utendørs, Topptur, Lagidrett, Våt i håret, Vind i håret, Best med ball, Bokorm, Digital, Quiz, Musikk på øret, Brettspill, Synger, Håndverker, Casual, Laid-back, Gourmet, Traktekaffe, Fargerik, PC, Teamarbeider, Ettertenksom, Forskning, Biologi, Design, Sko, Barn, Fargeblyanter, Arkitektur

Jobb

Underviser i Science (naturfag) ved International School of Bergen. Skulen nyttar IB-læreplan med inquiry-basert undervising og stort fokus på vitenskapleg metode og heilheitleg utvikling av elevane sin kompetanse. Har mykje ansvar for utvikling av læreplan og læringsteknologi og opplever stor friheit i utviklinga av nye læringsopplegg. Stort ansvar, stor friheit og engasjerte og interesserte elevar er det beste med jobben min! Er engasjert i ei deltidsstilling som prosjektmedarbeidar i utvikling av nytt vitensenter på Kaupanger i Sogn (ViteMeir). Har ansvar for utvikling av konseptet SmaksLab, som arbeider for auka interesse og kunnskap knytt til sensorikk, matteknologi og kultur.

Utdanning

Eg valde studieretningen ut frå interesser eg opparbeidde meg i løpet av vidaregåande skule. Kjemitimane var alltid spennande, og faget passa meg bra i det at ein fekk anvende teoretisk kunnskap på lab, og fekk ein annan forståing enn med mange andre fag på skulen. Hadde etter sivilingeniørutdanninga lyst til å jobbe i bransjen, men valde å starte PPU-studie etter ca eit halvt år med jobbsøking og fekk jobb før ferdig utdanning. Alltid likt realfag best, vore interessert i verda rundt meg og likar veldig godt å kunne forklare naturen og korleis alt heng saman.

Om meg

Det går mykje tid med til dei to gutane mine, og tida utanom nyttar eg til fjellturar, snekring og trening. Eg har vore aktiv i frivillige organisasjonar, og deltek meir enn gjerne på diskusjonar om det aller meste. Eg er stort sett interessert dersom den eg pratar med er interessert, og er lett å verta kjent med.