Lina Marie Stokkeland

Sivilingeniør - Aker Solutions

Jobb

Eg har fått jobb hos Aker Solutions og begynner der 1. august. Fekk jobben allerede i oktober 2012, da Aker Solutions var oppe i Trondheim og holdt bedriftspresentasjon. Eg hadde lyst å flytte til Ålesund og Aker Solutions sitt nye kontor i Ålesund tilbydde meg ein jobb der eg kunne jobbe med operasjoner ombord på plattformer.

Utdanning

Har alltid likt matte og ville ha ein jobb der eg kunne kombinere teori og praksis. Eg valgte marin på grunnlag av at båtar var "tøffe". Hadde lite personlig erfaring med båt og sjø, men det sosiale miljøet dei presenterte i Trondheim var det som skulle til for å få meg til å nettopp velge marin teknikk framfor andre utdanningar. Å ta ein mastergrad er krevande og det fekk eg merke med ein gong eg kom til Trondheim. Sjølv om ting var vanskelig hadde eg det veldig bra, for nesten alle i klassen syntes det var utfordrande og vi lærte oss å jobbe i lag og mestre ting underveis.

Om meg

Eg er oppvaksen på Vestnes, liker å gå på tur og har dansa swing i over 4 år i Trondheim.