Linn Kristin Hauge

Porteføljeforvaltar - Salten Kraftsamband AS

Jobb

Eg er porteføljeforvaltar og handterar innkjøp og sal i kraftmarknaden på vegne av industrikundar, produsentar og kommunar/fylkeskommunar som har kraftrettighetar. Eg omset Elsertifikat i det norsk-svenske Elsertifikatmarkedet. Vidare sel eg opprinnelsesgarantiar frå fornybar energi produsert av norske produsentar til interesserte kjøparar, desse er i stor grad i utlandet. Det er alltid eit mål å minimere kostnadane og maksimere inntektene på vegne av kundane, innanfor ein akseptabel risiko.

Utdanning

På vidaregåande hadde eg fordjuping i både realfag og bedriftsøkonomi. Eg likte begge fagområda godt og hadde lyst på ei utdanning og ein jobb der eg kunne sjå teknologi og økonomi i samanheng. Eg valte å ta bachelor ved HIA fordi det var stort fokus på fornybare og alternative energikjelder der. I løpet av bachelorstudiet studerte eg også eit halvt år i USA. Deretter tok eg master i Indøk ved NTNU.

Om meg

Eg er sambuar og har to små døtre og brukar for det meste fritida i lag med familien.