Marit Størseth

Forretningsutvikler - Ipark AS

Liker

Utendørs, Langtur, Topptur, Vind i håret, Synger, Sporty, Gourmet, Traktekaffe, Teamarbeider, Pratsom, Dans

Jobb

Rekruttere gode ideer, utvikle dei i lag med grunder, motivere og stimulere, finne partnere, kome i marknadsposisjon, skaffe finansiering, gjere dei levedyktige. Vårt motto: "raskare og sikrare frå ide til kommersiell suksess". Vi arbeider "hands on" med grunderen, noko som innebærer at vi ein dag sit med budsjett, neste dag er samtalepartner og psykolog, den tredje dagen færebur vi eit forhandlingsmøte og fjerde dagen er vi ute på stand. Innan min bransje er det også eit pluss at vi har det gode fagmiljøet på mat her i Ipark, då knytt til Måltidets Hus der NCE-culinology er sentrale. Culinology er eit "kombi-ord" satt saman av culinary og technology - og dreier seg om å bevare den gode smaken kokkane får til på kjøkkenbenken gjennom oppskalerings-og industrialiseringsprosessen fram til kunden kan kjøpe det i daglegvaren, på ein restaurant eller i ein nisjebutikk. I Måltidets Hus er det og mange realfagkandidatar som kan bidra i produktutvikling, enten det gjeld smaksutvikling, konserverings-eller produksjonsprosessar eller pakkeprosessar. Innovasjon Norge sit og i eit nabohus her i Ipark på Ullandhaug, dei støtter grunderidear økonomisk og har eit godt fokus på mat-området. Det er og aktørar som sit rundt i fylket med føremål å stimulere og fange opp gode idear som kan gje lønsam verksemd på sikt. Tilsaman utgjer vi ein viktig del av det samla virkemiddelapparatet som Rogaland har.

Utdanning

Det praktiske, jordnære og samfunnsmessige perspektivet ved utdanninga der landbruket er "plattformen" utdanninga hadde. Totalperspektivet på samfunnet, læren om foretaks-og samfunnsmessige prosesser. Korleis enkeltpersonar, grupper og samfunnet organiserer si verksemd. Eg er ikkje så interessert i korleis plantane veks eller jorda oppfører seg, eg fann meir interesse i kva menneskja gjorde med avlingen etter han var hausta: på garden, i vidareforedlinga, i reglar og lovar mm. Eg har arbeid så sei heile mitt liv med næringsutvikling, frå det einskilde gardsbruket til dei som vil starta ny verksemd. Etter kvart også meir utafor landbruket: med Mat&Naturområdet, der eg arbeider i dag.

Om meg

Eg er glad i trening og frilutftsliv. Eg har alltid oppsøkt koret på plassen dit eg har flytta (Sortland, Trondheim, Hå). Mens ungane var små vart det litt for lite tid til dette då eg også var gift med ein bonde (garden er seld, vi er framleis godt gifte!) og såleis deltok eg ein del på garden i tillegg til full jobb. Etter at ungane flytta ut fekk eg meir tid til "meg sjølv" igjen. I 2011 gjekk eg Norge på langs, ei gedigen oppleving. Eg syng i dag i Hå Dur&Moll som har fått ein ny super dirigent som løfter koret til uante høgder (skryt-skryt). Å synge i kor er ei god oppleving, kvar for oss har vi moderate stemmar, men tilsaman blir vi store og gode.