Jobb
StormGeo er eit verselskap, som har kunder i både media, offshore, shipping og fornybar energi. Eg vart kontakta av StormGeo i 2007, då dei skulle satse meir på varsling av havbølger og havstrøm, og trengte ein fagperson til å følge opp dette. Eg har hovedansvar for kvalitet i marin sektor, jobber med numeriske havmodeller, og arbeider for å heile tida heve kvaliteten på det arbeidet me gjer i StormGeo. Det beste med jobben min er at eg får jobbe dedikert med problemstillingar knytta til havet, og varsling av bølger og strøm. Eg ser tydeleg at våre produkt hjelper kunder til å ta betre avgjerder. Eg setter også pris på ein fleksibel arbeidsdag, og godt arbeidsmiljø.
Utdanning
Var veldig glad i matematikk då eg gjekk i grunnskulen. Ønska sterkt å kunne bruke matematikkkunnskap vidare i yrkeslivet. Samtidig hadde eg ein fasinasjon for havet, har vokst opp på Jæren. Dermed valgte eg å studere oseanografi; læren om havet. Utdanninga var krevande, særleg på dr.grads nivå, men samtidig var det veldig gøy. Hadde god motivasjon til å jobbe hardt.
Om meg
Gift og har to døtre på 3 og 8 år. Bur på Bryne, og er glad i den jærske naturen.