Ole Håvik Bjørkedal

Doktorgradsstipendiat - NTNU

Liker

Utendørs, Langtur, Bokorm, Quiz, Musikk på øret, Brettspill, Synger, Casual, Laid-back, Traktekaffe, Espresso, PC, Teamarbeider, Pratsom, Ettertenksom, Forskning

Jobb

Eg er stipendiat på institutt for kjemisk prosessteknologi. Her forskar eg på katalyse og utvikling av katalysatorar. Målet mitt er å finne ein effektiv katalysator for å fjerne nitrogenoksid (NOx) frå skipseksos. Kvardagen er veldig variert og spennande, med ein god del laboratoriearbeid og mange ulike forsøk. Eg må halde styr på mange sider av kjemifaget samtidig, og vere kreativ for å kome på gode løysingar. Samtidig er det spennande å kombinere mange ulike analysemetodar for å finne ut korleis materialet eg har laga eigentleg heng saman og korleis eg kan gjere det betre. Det beste med å vere stipendiat er det at ein får fordjupe seg godt innan eit tema, noko som er svært spennande og ikkje minst lærerikt.

Utdanning

Eg har gått sivilingeniørstudiet i kjemi (Industriell kjemi og Bioteknologi) med spesialisering innan kjemisk prosessteknologi. Då eg gjekk på Vidaregåande synest eg både fysikk og kjemi var spennande, men det var noko med kjemien som verka forlokkande. Derfor søkte eg på siv.ing. kjemi utan eigentleg å vite kva det gjekk ut på. Heldigvis viste det seg å passe bra. Det eg synest er spesielt bra med denne studieretninga er at ho startar med mange grunnleggande fag innan fleire tema, før du vel spesialisering. På grunn av dette meiner eg eg har fått ein forståelse for kjemifaget og naturen som går langt utover mi eiga spesialisering. Det gav meg også tid til å prøve meg fram, og finne ut kva eg var mest interessert i. Ein annan fin ting er at det er veldig teknologisk retta. Ein lærer om kjemifaget, men ein har også alltid ein tanke på korleis ein kan bruke kunnskapen til noko nyttig medan ein studerar. Dette gir eit ekstra verdifullt perspektiv på studia.