Ole Marius Gloppestad

Kraftanalytikar og krafthandlar - SFE Produksjon

Liker

Utendørs, Langtur, Topptur, Lagidrett, Casual, Teamarbeider, Barn

Jobb

Jobbar med analyse av kraftmarknaden og forvaltning av kraftporteføljene til SFE. Ein typisk arbeidsdag består i å oppdatere seg på utviklinga i viktige prisdrivarar for kraftprisane i Norden og i Europa, dvs utvikling av veir og vind, prisar på kol,olje, gass og CO2 og mykje meir. Utviklinga av desse drivarane har mykje å seie for korleis vi forvaltar våre kraftressursar i SFE - eksempelvis gjennom prissikring av vår eigen kraftproduksjon. Kunnskap om matematikk, økonomi og dataanalyse er svært viktige i jobben min. og i stor grad har utdanninga mi gjeve ballasten eg treng for å kunne utføre denne jobben. Interesse for faget (matematikk og finans), kombinert med moglegheiten for å bu i Sogn & Fjordane er det beste med jobben min!

Utdanning

Det var viktig for meg å velje ei utdanning der eg hadde ei personleg interesse for faga. På den andre sida kan det òg vere fornuftig å kombinere "houvudretninga" i utdanninga med eit tilleggsfag-/studium som gjev ekstra kompetanse. For meg vart dette økonomi og aktuarkompentanse, og dette trur eg har gjort det lettare å velje ulike type jobbar, og ikkje minst tilegne seg ulike typar erfaring. Enkelte delar av studiet kan vere vanskeleg eller mindre interessant enn andre ting, men ved å arbeidde jamnt og trutt kjem ein seg fint gjennom studiane. Eg vurderte ved eit par høve å byte retning til siviingeniør eller siviløkonom, men det blei med tanken. Overgongen frå vidaregåande skule var litt tøff, men etter nokre veker med jobbing kom ein fort inn i studierutinane.

Om meg

Sykkelfantast; Tour d' France og diverse vårklassikarar på kontinentet er "høydare". Prøvar å kombinere familieliv med amatørambisjonar på sykkelsetet...