Per Erik Eimhjellen

Produksjonsplanleggar - Sogn og Fjordane Energi

Liker

Treningssenter, Utendørs, Langtur, Lagidrett, Backpacker

Jobb

Eg er produksjonsplanlegger i SFE. Arbeidet mitt går ut på å planlegge når og kor mykje straum vi skal produsere på alle kraftverka vi har. Dette er stort sett avhengig av pris og ressurstilgongen(vatn). Eg planlegger når vi til dømes skal opne lukene i vassmagasina oppe i fjellet, kor mykje vi skal tappe ned, kor mykje vi skal produsere av det. Mykje av kvardagen går ut på å analysere prisane på straum framover og værprognosar.

Utdanning

Eg har fordjupa meg i fornybar energi som etter kvart har blitt det store temaet globalt sett. Eg har både økonomisk og teknisk utdanning som eg har stor nytte av i arbeidet mitt.