Ragnhild Aven Svalheim

Doktorgradsstipendiat - NOFIMA

Liker

Treningssenter, Utendørs, Sydentur, Bokorm, Quiz, Musikk på øret, Katt, Hund, Forskning, Biologi, Superhelt

Jobb

Å ta ein doktorgrad er å ta ei forskerutdanning. Store delar av jobben min går ut på å planlegge og gjennomføre forsøk på fisk, samstundes som eg tek kurs og tileigner meg ny kunnskap. Eg undersøker korleis ein kan betre kvaliteten på kvitfisk (t.d. torsk, hyse og sei), ved å halde han i livet etter at ein har fanga den i trål. Forskinga eg driv med er eksperimentell, dvs. at eg held fisk levande i tankar og studerer korleis den reagerer på ulike typar påkjenningar lik det den vil oppleve under fiske. Det beste med jobben min er at kvar dag får eg lære noko nytt og at to dagar aldri er like. Ein dag sit eg på kontor å les artiklar, neste dag er eg på fiskebåt og etter der igjen, er eg på laboratoriet å studere mikrostrukturer i mikroskop.

Utdanning

Eg tok ein bachelorgrad i miljø- og ressursfag og ein mastergrad i fiskeribiologi og forvaltning. I utgangspunktet er dette to studium som ikkje høyrer saman, men eg er utruleg glad for eg valde å leggje studieløpet mitt slik. I løpet av studietida mi, tok eg kurs frå samfunnsfaga som juss og økonomi, og realfag som meteorologi, kjemi, matematikk og biologi. Å studere så mange ulike fagfelt gjorde at eg fekk testa ut kva som passa meg best, og eg fann tidleg ut at realfaget biologi var riktig for meg og at det var noko eg kunne tenkje meg å jobbe med resten av livet.

Om meg

På fritida mi liker eg å vere i naturen. På tross av at eg jobber med fisk kvar dag, er faktisk fiske favorittfritidsaktiviteten min. Då vêret er slik at ein må halde seg inne, er eg glad i å lese bøker eller sjå på seriar. Game of Thrones er utan tvil favoritten min, men eg er også generelt glad i fantasy og science fiction.