Ragnhild Godø Slørdal

Arkitekt - Norgeshus

Inviter

Rollemodellen er i permisjon og kan ikke inviteres.

Jobb

Eg arbeider no på Norgeshus sitt hovedkontor. Dette er min første jobb og eg fekk den ved å ta kontakt med leiinga.

Utdanning

Målet mitt i valg av utdanning var å finne eit felt der eg i størst mulig grad fekk bruke meg sjølv og evnene mine. Valget falt til slutt på denne utdanninga fordi eg her såg muligheten i å få kombinere mi interesse for det skapande og kreative med interessa for realfag. No viste det seg at studiet  var mindre fokusert på matte og fysikk enn det eg trudde da eg søkte, men det er likevel element som en alltid har med i prosessen.

Om meg

Eg er sosial - i heimen vår er det nesten alltid besøk, liker idrett og friluftsliv. Saman med venninner speler eg innebandy ein gong i veka. Eg kjem frå Sunnmøre og det er kanskje derfor eg har blitt så veldig glad i å gå på fjellturar. Ellers er eg glad i å reise, møte nye menneske og nye kulturar. Eg har studert i Ecuador og reist i Asia, Australia, New Zealand, Afrika og Sør- og nord-Amerika.