Svein Ragnar Lysen

Miljøgeolog - Multiconsult AS

Liker

Utendørs, Langtur, Topptur, Lagidrett, Best med ball, Quiz, Musikk på øret, Hund, Casual, Sporty, Laid-back, Gourmet, Espresso, PC, Teamarbeider, Pratsom, Ettertenksom, Sjefete, Forskning, Geologi, Design, Barn, Interiør, Arkitektur

Jobb

Prosjektere løysingar innan bygg, anlegg, veg, industri etc. som ivaretar miljøet. Det gjer eg ofte i samarbeid med andre fag. Ein vanleg arbeidsdag kan anten tilbringast på kontoret eller ute i felt. I felt er typisk arbeid å utføre miljøgeologisk kartlegging med jordprøvetaking for å kunne lage eit bilete/kart som viser forureiningssituasjonen. Feltarbeid er også å undersøke vassdrag og sjø, med innhenting av vassprøvar, sedimentundersøkingar, innhenting av biota etc. I tillegg til miljøgeolog er eg også hydrogeolog, som betyr at eg arbeider med grunnvatn og korleis vatn straumer i grunnen. Dette krever også ein del feltarbeid. Til ein viss grad får eg alltid bruk for alt eg har lært, på den eine eller den andre måten. Ein kan aldri lære for mykje! Det beste med jobben min er at den er så variert og at eg får samarbeide med så mange andre ingeniørfag samt at eg får vere både på kontor og ute i felt.

Utdanning

Ei naturfagleg utdanning gjer at ein i større grad får augene opp for korleis alt heng saman, og korleis små endringar kan gi store konsekvensar. Eg ville opprinneleg inn i oljenæringa, men i starten av studia fann eg ut at eg ville noko fundamentalt annleis, og spesialiserte meg innan miljø- og hydrogeologi heller enn petroleumsteknologi. Eg strevde med matematikk heilt til eg oppdaga at nettopp matematikk var samanhengen mellom realfaga, og at det var fellesnemnaren for best mogleg å kunne forklare og nytte seg av bl.a. fysikk og kjemi. Overgangen frå VGS til NTNU var enorm og litt skummel. Men det var gode professorar og medstudentar som arbeidde mot eit felles mål som var at alle skulle få det til, om dei ville få det til. Dermed fekk dei som ville det til.

Om meg

Har ei kone som også er realist, ho er lege. Saman har me ein gut på 1 år, og ein irsk setter på snart 4 år. Me bruker mykje tid ute, og i helgene er me ofte på hytta i Storlidalen eller hjå familie på Dovrefjell. Eg er veldig glad i flugefiske, og det meste av tida eg har til overs blir brukt på det. I tillegg driver både eg og kona med jakt, stor- og småvilt. Om eg får tid er eg med på bedriftslaget i fotball, og spelte fram til i fjor volleyball. Det blir ikkje tid til så mykje organisert idrett nå for tida.