Sylvei Velle Kile

Seniorrådgjevar - Forsvarsdepartementet

Liker

Treningssenter, Utendørs, Sydentur, Bokorm, Musikk på øret, Brettspill, Gourmet, Kaffe Latte, Fargerik, Pratsom, Dans, Smykker, Sko

Jobb

Eg er seniorrådgjevar i internrevisjonen til Forsvarsdepartementet, der eg leiar og deltek i ulike revisjonar. Internrevisjonen skal bidra til at Forsvaret når sine mål ved evaluering av og rådgjeving i styring og kontroll. Eg har tidlegare alltid jobba innanfor drift og implementering, og har jobba som leiar innanfor IT i over 20 år, i Telenor, Ventelo, EVRY og IBM. Arbeidsoppgåvene og -dagane mine har vore svært varierte og gitt meg mange utfordringar å vekse i, noko som har gitt meg den breie kompetansen eg treng i den jobben eg har i dag.

Utdanning

Når eg starta å studere Informatikk i 1994 syntest eg dei reine datafaga, som programmering, var vanskelege sidan eg ikkje var veldig teknisk. Eg valde derfor tidleg å gå i ei meir administrativ retning innanfor IT. Eg opplevde det elles som veldig positivt å vere ei av svært få jenter under utdanninga mi. Etter å ha jobba nokre år og konkludert med at eg ynskte å vidareutvikle meg som leiar tok eg mastergrad i IT-leiing i 2003. I dag er fagfelta mine IT-leiing, oppbygging av nye avdelingar, prosessforvaltning og prosjektleiing.

Om meg

Eg er sambuar og er bonusmamma for tre kjekke ungdomar på 15, 18 og 19 år. Eg er frå Ørsta på Sunnmøre, og snakkar fortsatt dialekt sjølv om eg har budd i Oslo i over 20 år. Eg likar å reise, lese bøker, sjå på TV og bruke tid i lag med familie og venner, og eg prøvar å trene litt meir enn eg faktisk gjer.