Synnøve Vik Bergstad

Prosjektkoordinator - Strukturplast AS

Liker

Utendørs, Vind i håret, Bokorm, Katt, Sporty, Pyntet, Gourmet, Te, Ettertenksom, Forskning

Jobb

Jobbar per i dag som prosjektkoordinator i Strukturplast, har ansvar for materialutvikling innan polyuretan polymerar, oppfølging av prosjekt mot kundar, sal og marknadsføring samt HMS relatert til kjemikaliehandtering. Byrjar i ny jobb som avdelingsleiar ved laboratoriet til Tine Byrkjelo i februar 2014. Har tidlegare jobba som mellom anna: - Kontrollingeniør hos GE Healthcare i Oslo, jobba med radioaktive stoff - Produktutvikler i LIlleborg I Oslo, utvikla nye tøyvaskemiddel og tøymjuknerar - Dagleg leiar i SunnLab i Førde, næringsmiddel-laboratorium

Utdanning

Det som gjorde at eg landa på kjemiutdanning var at det gjev ein fin miks av teori og laboratoriearbeid, og det gjev moglegheitar for jobbar der ein både får jobbe praktisk retta på laboratorium kombinert med kontorarbeid.

Om meg

I tillegg til at eg jobbar i Strukturplast, så har eg teke over fruktgarden på Hauge på Sandane, og driv der eit gardspresseri der eg produserar eplemost frå frukt frå mellom anna eigen gard. I tillegg er eg saman med sambuaren min, som også er kjemikar, i oppstartsfasen med eit gardsbrenneri der vi skal produsere alkoholhaldige drikkevarer basert på lokal frukt og bær frå Nordfjord.