Tore Dugstad

Siv.ing - energi og miljø - trainee - Eidsiva Bioenergi

Inviter

Rollemodellen er i permisjon og kan ikke inviteres.

Jobb

Då sambuaren min og eg avgjorde at me skulle flytta til Innlandet byrja eg å oppsøkja relevante arbeidsplassar i distriktet. På internett kom eg over ordninga Trainee Innlandet som viste seg å virka veldig interessesant for midt vedkomande. Eg søkte på dette og fekk positiv tilbakemelding. Arbeidet går ut på å koordinera ulike prosjekt innanfor fjernvarmeutbygging i Innlandet. Eg likar den store variasjonen dette medfører. Eg får kombinert fagkunnskap med det å omgåast mykje ulike menneske. Eg trur at den "gamle oppfatninga" av realistar som tørre og keisame eigentleg ikkje eksiserar så mykje lengre

Utdanning

Eg har alltid interessert meg for energi og miljøutfordringane som verda står ovanfor. Eg var dog veldig usikker på om eg skulle velga ei teknologisk eller samfunnsvitskapeleg utdanning. Interesse for realfag i kombinasjon med sikrare utsikter for arbeid i framtida, gjorde at eg valgte ei teknologisk utdanning. Eg trur at den generelle oppfatninga for sivilingeniørstudiet er at dei to fyrste åra er dei mest krevjande. Etter kvart i studiet lærar ein seg studieteknikkar. Ein får òg moglegheit til å velja fagsamansettingar i større grad utover i studiet. Ved å studera det som interesserer ein, kan vanskelege fag gå som ein draum. For mitt vedkomande var det òg viktig å ha studievenar som ein kunne samarbeida med.

Om meg

Eg står mykje på ski, både nedover og bortover. Om sommaren er eg mykje ute i skogen og på fjellet. Eg er sosial og likar å omgå familie og vennar. Eg bur på Lillehammer og har då kort veg ut i naturen. Eg kan òg slappa godt av på sofaen med å sjå sport, film , nyhende eller andre ting på TV :)