Trond Strømgren

Leverandørutviklar / rådgivar - Maritim Forening Sogn og Fjordane

Liker

Utendørs, Langtur, Topptur, Ekstremsport, Vind i håret, Backpacker, Quiz, Håndverker

Jobb

Eg arbeider med å hjelpe maritime og petroleumsretta bedrifter i Sogn og Fjordane til å få fleire kontraktar og meir arbeid. I praksis betyr det å arrangere møte, konferansar, framsnakke bedriftene og mykje meir. Kvardagen min er spanande og dynamisk, og eg treff mange interessante personar.

Utdanning

Eg studerte ved NTNU. Det mest spanande var alt eg kunne vere med på utanom studiane, som fjellklatring, hytteturar og sosiale hendingar. Eg trefte utroleg mange kjekke personar, og mange av dei har eg framleis god kontakt med. Det nettverket eg fekk under studiane har eg sidan halde vedlike og sett stor pris på. Det var mange og delvis harde realfag kvart studieår, men eg synst kombinasjonen studium og aktivt friluftsliv fungerte bra.

Om meg

Sia eg gjekk ut i arbeidslivet har eg alltid gjort det eg synst har vore mest interessant. Eg har vore privilegert som har kunne velje ulike jobbar som eg har trivst med. Kombinasjonen av realfagutdanning og evna til å vere fleksibel og tenke nytt har gjort det muleg å ha så mange varierte og interessante arbeidsoppgåver.