Yngve Magnus Tvedt Fosse

Prosjektleder forbedringsprosjekter - Equinor

Liker

Treningssenter, Lagidrett, Sydentur, Musikk på øret, Synger, Håndverker, Dress-code, Casual, Traktekaffe, PC, Teamarbeider, Barn

Jobb

Arbeider for tida som prosjektleder for forbedringsprosjekter i Equinor. Det betyr at jeg er involvert i prosjekt der vi ser på korleis vi kan dra nytte av ny teknologi eller nye måtar gjere jobben vår på. Før dette jobba eg med uttesting og ferdigstilling av nye prosjekt. Alt frå små platformsystem til heilt nye platformar.

Utdanning

Faktisk ganske tilfeldig at eg valgte som eg gjorde. Var usikker på kva eg kunne og ville verte, men hadde teke matte, kjemi og fysikk på vgs, så eg følte dei måtte nyttast til noko. Stod ei stund og vippa mellom å verte økonom eller ingeniør, men kom tilfeldigvis over Kjemiingeniørstudiet i Bergen og stortrivdes der i 3 år. Det beste er at ein lærer å bruke realfaga i praksis. Som kjemiingeniør brukar ein mykje tid i laboratoriet og får både lære og erfare korleis ulike stoff fungerer, og korleis dei kan nyttast. I masterstudiet fekk eg mykje meir kunnskap om alle delar av industrien, så ein føler ein kan litt av alt!

Om meg

Eg er opprinneleg fra ei bygd som heiter Leikanger i Sogn og Fjordane, men flytta til Stavanger etter 3 år på Høgskulen i Bergen grunna jobb. Samtidig som eg starta i jobb, starta eg og med ein mastergrad på deltid ved UIS. Mest fordi eg følte eg ville ha meir kompetanse innan ledelse sidan dette og er noko som interesserer meg. Etter nokre år i Stavanger flytta vi til Sør-Korea med ein prosjekt før vi til slutt enda opp på Askøy utanfor Bergen. Fritida mi brukar eg mest på familien og då spesielt ungane mine. Ellers prøvar eg å trene litt, samtidig som eg engasjerer meg i politikken. Er ein sosial person, så trivst veldig i sosialt lag med vener. Likar og godt å reise, så det vert gjerne nokre turar både i inn og utland.